Korleis kvantedatamaskiner vil forandre verda - på godt og vondt
Noregs Tekniske Vitskapsakademi, i samarbeid med Tekna Stavanger, inviterer til føredrag og debatt om kvantedatamaskinar. Møtet føregår på Jernaldergarden i Stavanger, onsdag 20. mars kl. 18:30-20:30. Seminaret er gratis og ope for alle interesserte, men på grunn av servering ynskjer vi påmelding via Hoopla.
I dette føredraget vil professor Sølve Selstø, OsloMet, seie litt om kva kvanterekning er, korleis kvantedatamaskinar kan ha fordeler over "vanlege" datamaskinar, korleis dei kan implementerast og kor dei er venta å ha størst påverknad.
Kvanterekning, quantum computing, blir av mange spådd å revolusjonere måten ein gjer tunge berekningar på. Kodeknekking, kryptering og kunstig intelligens er døme på områder der quantum computing kan by på helt nye moglegheiter og truslar.
Mikro-kosmos er veldig ulikt den verda vi ser til dagleg. Kvantefysiske system oppfører seg på måtar som skiljer seg vesentleg frå system som er lydige mot Newtons lover. Dette kan mellom anna brukast til å behandle data og gjere berekningar på veldig effektive måtar, noko som har vore kjent sidan 80-talet.
Det nye er at dette ikkje lenger berre er vakker teori og spanande tankar; det er gryande teknologi. Ein teknologi som langt på veg vil kunne forandre verda - på godt og vondt. Dette har ein fått med seg i mange land, mellom anna i nabolanda våre. Men i Norge har vi ikkje vakna heilt enda.
Om foredragsholder
Sølve Selstø er professor i fysikk ved OsloMet og har doktorgrad innan teoretisk/berekningsorientert atomfysikk. Sjølv om forskinga hans stort sett har handla om grunnforsking og metodikk, er han også opptatt av kvanteteknologi. OsloMet har eigne kvantedatamaskinar som blir brukt til forsking og undervising innan kvanteinformasjonsteknologi. At abstrakte, ikkje-intuitive kvantefenomen kan brukast i praktisk problemløysing finn han både vakkert og fascinerande. Han er også opptatt av å implementere numeriske metodar i matematikkundervisinga.
Program
Praktisk informasjon
Dette arrangementet er åpent for alle interesserte og serveringen er gratis, men vi ønsker påmelding i f.m. møtelokalets kapasitet og for å beregne antall for servering.
Jernaldergårdens besøkssenter er lett tilgjengelig med offentlig transport. Det er noen parkeringsplasser ved besøkssenteret. Ellers kan man parkere på universitetets parkeringsplasser.
Velkommen!
Mer som dette
Nyhetsbrev
Får ærespris for utvikling av banebrytende teknologi for å rasjonalisere høsting og ta bedre vare...
Arrangementer
Dette møtet tar opp Norges ambisjoner om utvinning av havbunnsmineraler og stiller spørsmålet om...
The Academy of Engineering in Poland (AIP) inviterer til webinar om offshore wind.
NTVA, GEAN og GCE Node inviterer til et felles seminar om geotermisk energi med særlig fokus på...
De siste 25 år har Kina seilt opp til å bli verdens nest største - og i enkelte sammenhenger...
NTVA, in partnership with UiT - The Arctic University of Norway, the Centre for New Antibacterial...
At Norge trenger mer elektrisk energi, er det stor enighet om. Det er derimot liten enighet om på...