Svein Ølnes har meir enn 20 års erfaring som prosjektleiar for ulike IT-prosjekt ved Vestlands¬forsking, med IT-bruk i offentleg sektor som hovudområde for forskinga. I 2011 oppdaga han Bitcoin og vart veldig fascinert av teknologien. Interessa hans ligg i skjeringspunktet mellom teknologi, økonomi og samfunn, og han er i ferd med å avslutta eit masterstudium i digital valuta for å få meir innsikt i dette.
Denne artikkelen er hentet fra boken Teknologien endrer samfunnet utgitt på Fagbokforlaget i 2017 (ISBN 978-82-450-2297-1).
Boken kan bestilles her: https://www.fagbokforlaget.no/sok/?q=978-82-450-2297-1
Bitcoin vart først presentert i artikkelen «Bitcoin – A Peer-to-Peer Electronic Cash System» av forfattaren Satoshi Nakamoto 31. oktober 2008 (på Halloween- dagen). Ingen veit kven Satoshi Nakamoto er, for det er berre eit pseudonym. Bitcoin som IT-system vart sett i drift 3. januar 2009 og har sidan den dagen gått kontinuerleg og gjennomført millionar av betalingar (transaksjonar) utan særlege problem (Ca. 220 mill. transaksjonar pr. juni 2017). Systemet har altså ikkje hatt «nedetid» sidan det vart sett i drift, noko svært få andre nettbaserte IT-system kan visa til. Teknologien bak Bitcoin blir kalla blokk-kjede («blockchain»).
Bitcoin er eit system for digitale kontantar, som namnet på den originale artikkelen indikerer. Det er Internett-pengar, rett og slett. Så vil mange, og kanskje særleg økonomar, hevda at dette ikkje er noko anna enn Monopol-pengar (frå spelet «Monopol»). Og dei har på mange måtar rett; Bitcoin er berre programkode og er ikkje kopla til reelle fysiske verdiar. Bitcoin får verdi fordi mange ser eit stort potensial i systemet, både i dag og ikkje minst i framtida. Pengemengda i Bitcoin er avgrensa til 21 mill. bitcoin, og dei blir delte ut etter spesielle reglar (sjå kapitlet «Slik fungerer Bitcoin»). Det finst ikkje nokon sentralbank, og det finst ikkje noko sentralt ledd; alt er distribuert og reglane ligg i programkoden som er open for alle å studera.
Figur 1 Dagens betalingssystem samanlikna med betaling med Bitcoin.
Den viktigaste grunnen til at Bitcoin har fått verdi er at teknologien representerer eit gjennombrot. For første gang i historia kan pengar (verdiar) overførast mellom personar utan bruk av ein tredjepart. Bankar er tiltrudde tredjepartar for penge- og verdioverføringar, og mange andre institusjonar er baserte på å vera nettopp tiltrudde tredjepartar. Dersom denne funksjonen blir overflødig, seier det seg sjølv at det vil få store konsekvensar for samfunnet. Med Bitcoin kan vi overføra pengar (bitcoin) til kven som helst i verda utan å kjenna dei eller måtta stola på dei. Det einaste kravet er at dei har Internett-tilgang. Pengane (bitcoins) blir også sende over eit usikra nettverk (Internett), utan ekstra form for sikring. Her er det ikkje behov for Bank-ID eller sikker oppkopling; alt blir sendt ope på nettet. Kryptografi og måten Bitcoin er designa på, syter for at informasjon ikkje kan endrast. Bitcoin er tryggleik gjennom design («security by design»), medan kredittkort t.d. er usikre på grunn av måten dei er designa på.
Bitcoin er konstruert som eit distribuert system, det vil seia eit node-til-node-system der det ikkje er noko sentralt punkt. Det er den same strukturen som Internett sjølv har, og som har vist seg så robust over lang tid.
Pengar er det første som møter deg når du får kjennskap til Bitcoin. Men når ein studerer Bitcoin næmare, vil ein sjå at det er noko meir enn berre (Internett-)pengar. Det er eit system for bevis av eigarskap – både til virtuelle og fysiske ting. Ved hjelp av Bitcoin kan du bevisa at du eig pengar, eller andre ting som pengane (bitcoin) representerer.
Mange har prøvd å utvikla digitale pengar, men forsøka har stort sett stranda på behovet for ein sentral kontroll-institusjon. Skaparen av Bitcoin klarte å løysa den utfordringa, og løysinga er basert på reglar for konsensus i eit nettverk og sikring mot kopiering av pengar («double-spending») ved å innføra eit element av arbeid. For å få godkjent ein Bitcoin-transaksjon må ei matematisk oppgåve løysast, og den løysinga krev mykje maskinkraft og dermed mykje straum (= pengar). Dette blir kalla «proof of work» innan IT og vil seia at så lenge det kostar deg meir i maskinressursar å svindla systemet enn gevinsten du får, vil det bli eit tapsprosjekt du neppe set i gang.
Bitcoin er meir enn pengar, men den økonomiske sida av systemet er likevel svært viktig og noko av det som skil denne typen program frå mange andre. Dei økonomiske incentiva bakte inn i systemet er avgjerande for at det skal fungera, og gjer også at ulike hendingar kan få store økonomiske konsekvensar. Verdien av Bitcoin-økonomien, dvs. alle bitcoin i omløp, er pr. juni 2017 meir enn 40 mrd. US dollar, eller rundt 350 mrd. norske kroner etter dagens vekslingskurs. Sjølv om det er lite samanlikna med andre valutaer, er det likevel så store verdiar at mykje står på spel, og det er gode grunnar til å vera forsiktig med endringar i programkoden.
Bitcoin er utvikla som fri programvare, og programkoden er publisert på nettstaden GitHub. Kven som helst kan studera koden og kopiera den for så eventuelt å gjera endringar i den. Ein open, tilgjengeleg kode er grunnleggjande for tilliten til eit system som Bitcoin. Det er den største garantien for tryggleiken til systemet. Mange har prøvt å finna svake sider ved systemet og utnytta desse, men så langt har Bitcoin vist seg å vera veldig robust. Det skuldast også at Bitcoin byggjer på opne og velprøvde standardar innan kryptografi.
Det opne systemet gjer at vi for første gangen i historia har fått eit finanssystem fritt fram for alle å eksperimentera med og byggja vidare på. Det har ført til ei enorm utvikling innan Bitcoin, men også i mange andre parallelle system som brukar byggjesteinane i Bitcoin. Det finst fleire hundre avartar av Bitcoin, alle med utgangspunkt i det originale Bitcoin-systemet. Desse alternative valutaene, «altcoins», har gjort små endringar som gjer at dei skil seg litt frå originalen (på https://coinmarketcap.com/all/views/all/ kan du sjå ei liste på meir enn 700 valuter med opphav i Bitcoin). Dei fleste av desse er ubetydelege og vil forsvinna, men dei mange alternative systema er viktige både fordi det skaper eit meir robust økosystem, og fordi nokre av dei kan visa seg å ha viktige endringar som kan komma til nytte seinare.
Bitcoin er programkode der reglane for systemet er koda. Programkoden blir køyrt av alle som deltek i Bitcoin-nettverket. «Alle» betyr her alle som har lasta ned og køyrer den fulle Bitcoin-klienten (= referanse-implementasjonen). På mobiltelefonar er det vanleg å køyra ein lettvektsvariant som ikkje er ein del av det konsensus-baserte nettverket. Nettverket består av nokre tusen nodar og desse nodane sørgjer for å kontrollera at alle Bitcoin-transaksjonar følgjer reglane. Når reglane blir endra, noko som skjer innimellom, må eit fleirtal av nodane «stemma» for endringa for at den skal bli innført.
Bitcoin er eit godt eksempel på ein innovasjon som følgjer læreboka: Alle sentrale delar av systemet har vore kjende lenge, men dei vart sette saman på ein original måte som løyste eit stort problem og opna for nyskapande bruk. Den nye måten å setja kjende komponentar saman på skapte arkitekturen for Bitcoin, og det er den som er det geniale.
Etter å ha gått gjennom ein del opp- og nedturar har Bitcoin dei siste par åra stabilisert seg med omsyn tilbåde vekslingskurs og bruk. Frå å vera eit betalingssys- tem føretrekt av personar med gode grunnar til å skjula spor, har det vorte eit system med stadig fleire «ordinære» transaksjonar og stadig færre «lyssky», vist i ein artikkel av Tasca et al. Dei same forfattarane definerer tre hovudperiodar for Bitcoin-utviklinga så langt:
Deira analysar av alle transaksjonar i Bitcoin-historia viser at den delen av transaksjonar dei kan knyta til svarte marknadar og gambling, har gått kraftig ned dei to siste åra. Den utgjer no berre ein liten del av den totale økonomien i Bitcoin. Påstanden om at det berre er personar som har noko å skjula som brukar Bitcoin, stemmer altså ikkje.
Bitcoin er eit node-til-node-basert system («peer-to- peer») for digitale pengar og representasjon av andre verdiar. Det er først og fremst karakterisert ved:
Det er vanskeleg å forklara Bitcoin fordi det bryt radikalt med det vi til vanleg tenkjer om pengar. I tillegg er det ein konstruksjon som kan romma langt meir enn pengar. På mange måtar er pengar berre den første applikasjonen på Bitcoin-plattforma, om enn den viktigaste.
Pengar, og særleg overføring av verdiar, har eksistert så lenge menneske har eksistert. Pengar i form av myntar kom i bruk i vår del av verda rundt år 650 f.Kr. Men då hadde myntar eksistert i lenger tid i Kina. Gradvis vart pengar meir abstrakte og ikkje knytte direkte til verdien på mynten eller seddelen. Papirpengar vart tekne i bruk i Kina for meir enn 1000 år sidan. Tenk kor vanskeleg det var for Marco Polo å prøva å forklara for landsmennene sine at i Kina brukte dei papir som pengar! Litt av den same utfordringa er det å forklara korleis bitcoin kan fungera som pengar. Bitcoin er den ultimate abstraksjonen av pengar hittil i historia.
Det er også viktig å leggja til at viss nokon skulle forklara kva som skjer i detalj når ei betaling går frå ein nordmann, gjennom det norske betalingssystemet og til slutt hamnar hjå ein person i eit anna land, så ville det også sjå ganske innvikla ut.
Bitcoin er eit system for betaling med digitale kontantar i eit node-til-node-nettverk. Det er ingen sentral servar i nettverket, men likeverdige nodar (datamaskinar) som køyrer den fullstendige Bitcoin-klienten. Programvara for å køyra Bitcoin-programmet kan lastast ned her. Denne er basert på den originale programvara Satoshi Nakamoto utvikla. Appar på mobilen (Bitcoin-lommebøker) er lett-variantar av denne programvara. Maskinane som køyrer den fullstendige versjonen, er viktige fordi dei utfører kontroll av transaksjonar og av ferdige blokker i etterkant. På same tida som eit desentralisert nettverk av likeverdige nodar er robust, er det også lite effektivt med tanke på kor mange transaksjonar det kan handtera pr. tidseining. Den vanlege Bitcoin-brukaren har likevel som oftast berre ein lettvektsversjon i form av ei app på smarttelefonen sin. Appen blir kalla ei Bitcoin-lommebok, og også den fulle klienten innheld ei Bitcoin-lommebok. «Lommebok» er dessverre litt misvisande, for ei Bitcoin-lommebok inneheld ikkje pengar, berre krypterings-nøklar. Bitcoin som pengar, eksisterer berre på blokk-kjeda.
Text BoxNår ein person overfører bitcoin til ein annan per son, blir adressa til mottakaren skanna ved hjelp av ein QR-kode, og det skjer frå lommeboka. Adressa er det same som Bitcoin-«kontonummeret». Adressa kan også tastast inn eller kopierast og limast inn. Mengda bitcoin som skal overførast, ligg enten som informasjon i QR-koden, eller må tastast inn. Betalaren trykkjer så «send» og bitcoin går til mottakaren si lommebok. I realiteten skjer det berre ei endring av opplysningar om eigarskap på den universelle blokk-kjeda. Ei Bitcoin-lommebok har ikkje «pengar», berre nøklar for tilgang til pengar (bitcoin).
I bakgrunnen skjer dette:
Figur 2 Transaksjonar blir samla i eit mellomlager (= mempool).
Denne operasjonen skjer i gjennomsnitt kvart 10. minutt, og det er slik talet på bitcoin heile tida aukar. I programkoden er denne nyskapinga av bitcoin regulert slik at gevinsten blir halvert om lag kvart fjerde år (i realiteten for kvar 210 000 blokker). I starten var lønna for strevet 50 bitcoin for kvar ny blokk. I 2012 vart den halvert til 25 bitcoin og i juli 2016 skjedde det ei ny halvering til 12,50 nye bitcoin pr. blokk. Etter kvart som lønna for å sikra nye blokker går ned, må gebyr erstatta bortfall av inntekter for gravarane.
Prisen på utstyret som trengst for å driva Bit- coin-graving, saman med prisen på elektrisitet avgjer, kor lønsamt det er å driva graving. Dei samla kostnadene ved å driva utstyret må vegast mot mengda av bitcoin som blir gravne fram, og verdien av desse. Her er det vanlege bedriftsøkonomiske prinsipp som gjeld.
Figur 3 Gravarane samlar transaksjonar frå mellomlageret til ei ny blokk.
Figur 4 Nye blokker blir hekta på blokk-kjeda av eksisteran- de blokker (Kilde: Anthony Lewis, bitsonblocks.net).
Figur 5 Blokkene blir kjeda saman med «fingeravtrykk» av kvarandre (= hash-funksjon) for å hindra manipulering (Kilde: Anthony Lewis, bitsonblocks.net).
Når ein gravar har funne ein verdi som tilfredsstiller reglane, blir dette kringkasta til heile Bitcoin-nettverket som så sjekkar at det stemmer med reglane. Så fort det er godkjent, startar neste kappløp om å finna ein ny verdi. I starten vart denne typen «graving» utført med vanlege PC-ar. Etter ei stund kravde gravinga meir reknekraft, og grafiske prosessorar (GPU) vart brukte. Men så måtte ein gå over til spesialkonstruerte prosessorar for å klara å halda tritt med ressurskravet. Prosessorande blir kalla ASIC – Application Specific Integrated Circuits. Dei er konstruerte for å utføra berre ei oppgåve. I Bitcoin-samanheng er oppgåva ein funksjon som heiter SHA256, og som lagar eit «finger- avtrykk» av eit dokument / eit informasjonselement. I dag trengs det enorm reknekraft for å løysa den elles enkle matematiske oppgåva som ligg bak. Det er samstundes garantien for at ingen kan juksa og endra på transaksjonane som er samla i blokkene og lagra på blokk-kjeda.
Bitcoin-systemet er sett saman av ulike grupper – kvar med si viktige rolle. Dette har utvikla seg som ei følgje av meir spesialisering. I starten var ein Bitcoin-brukar også «gravar» og «kontrollør» ved å køyra den standard Bitcoin-programvara. I dag er dei ulike funksjonane meir skilde og spesialiserte, sjølv om det finst overlapp mellom dei.
Følgjande grupper er viktige i Bitcoin:
Bitcoin er utgangspunktet for all blokk-kjedeteknologi; den er «alle blokk-kjeders mor». Etter at systemet vart presentert i 2008, har det komme mange variantar, både opne system som Bitcoin, og lukka system som berre er tenkte å fungera mellom utvalde organisasjonar. Mange aktørar har vist stor interesse for blokk-kjedeteknologien, men har problem med Bitcoin, som dei vurderer som «farleg». Det har resultert i påstandar om at det er blokk-kjedeteknologien som representerer det store potensialet, ikkje Bitcoin.
Lukka blokk-kjeder kan sikkert effektivisera mange av dagens rutinar, særleg innan bank og finans, men det er likevel ganske opplagt at det er dei opne blokk-kjedene som representerer det disruptive potensialet i denne teknologien (Peter van Valkenburgh: Open Matters – Why Permissionless Blockchains are Essential to the Future of the Internet. Coin Center). Dei er disruptive fordi dei truar med å erstatta mange som har spesialiserte seg på å vera tiltrudde tredjepartar på ulike område. Bitcoin er den eldste, største og sikraste av dei opne og universelle blokk-kjedesystema. Ethereum er ei anna open og universell blokk-kjedeløysing.
Tabell 1 viser ein enkel oversikt over viktige skil- nader mellom opne og lukka blokk-kjeder.
Tabell 1 Samanlikning av opne og lukka blokk-kjeder.
Bitcoin starta som eit betalingssystem og som ein alter- nativ valuta til dei statlege pengesystema, som også blir kalla fiat-pengar. I løpet av dei meir enn åtte åra systemet har vore i drift, har det vorte klart at det er vanskeleg å bryta gjennom dei etablerte betalingssystema i den vestlege verda. Dagens betalingssystem er godt etablerte og er etter kvart enkle å bruka for folk. Bitcoin har problem med å overtyda om at fordelane er så store at det er verdt å ta det i bruk. Det er likevel mange leverandørar av varer og tenester rundt om i verda som tek i mot bitcoin som betalingsmiddel. Bitcoin som betalingsmiddel gjev mest meining i nett-betalingar, sidan Bitcoin er eit ektefødd barn av Internett og gjerne kan kallast «Internet of Money» (Antonopoulos, A. (2016). The Internet of Money. Merkle Bloom LLC. ISBN 1537000454).
Sjølv om det på verdsbasis er mange som tek i mot bitcoin som betaling, er det langt frå å bli eit vanleg betalingssystem. Men utviklinga går mot at stadig fleire tek i mot den nye valutaen, enten direkte eller gjen- nom eit tredjepartssystem som t.d. PayPal. Integrasjon mot eksisterande betalingssystem er den beste måten bitcoin og andre digitale valuta kan veksa og bli lettare tilgjengelege. Som nemnt over har vi eit godt funge- rande system for betaling i Norge. Men sjølv her kan det ta fleire dagar før ei betaling når fram til mottakaren (eit relevant eksempel er ei nettbank-betaling som blir lagt inn ein fredags ettermiddag, og ikkje utført før måndag morgon). Betalingar til utlandet er likevel der vi tydelegast ser problema med dagens betalingssystem. Det går som regel mange dagar før pengane er framme til mottakaren, og dei må gjennom mange ledd og det kostar relativt mykje. Her har Bitcoin og andre digitale valuta vist at det er muleg å redusera overføringstida drastisk – frå fleire dagar ned til minuttar.
Dei gamle, underliggjande strukturane i dagens betalingssystem gjer også at kostnader knytte til pengeoverføring er ganske høge. Norges Bank viser t.d. i ein oversikt over kostnader med ulike betalingssystem at betaling med internasjonale kort hadde ein samfunnsøkonomisk kostnad på kr 12,60 pr. betaling i 2014 (Norges Bank Memo 5/2014: Kostnader i det norske betalingssystemet). Sjølv nye betalingsmåtar som Vipps og liknande system, byggjer på dei gamle systema.
Bitcoin har også klart å setja søkjelys på omgrepet pengar. Rådande økonomar (= ortodokse økonomar) har teke pengar for gitt utan å problematisera dei. Bitcoin, som er pengar laga ut av lause lufta («ex nihilo»), har på mange måtar klart å visa at «keisaren ikkje har klede». Også bankar lagar pengar «ut av lause lufta» ved å gi kreditt. Gamle læresetningar om at innskot blir til lån, må skrivast om, for det er i realiteten omvendt: Lån skaper innskot (Sjå t.d. Bank of England: «Money creation in the modern economy», Quarterly Bulletin 2014 Q1). Slik har Bitcoin og krypto-valuta alt gitt eit verdifullt bidrag til økonomi-diskusjonen, og særleg diskusjonen om monetære system.
Men ser vi forbi den vestlege verda og mot utviklingsland, er situasjonen at opp mot halvparten av verdas innbyggjarar ikkje har bankkonto. Dei utgjer det som blir kalla «the unbanked» eller «under-banked». Mange av desse vil heller aldri få tilbod om bankkonto, og er slik utelukka frå dagens globale økonomi. Her kan Bitcoin spela ei avgjerande rolle fordi alt som krevst for å ta del i den økonomien er ein mobiltelefon og tilgang til Internett. Det er difor pengeoverføring til fattigare land («remittances») har vore sett på som det store gjennombrotet for Bitcoin. Så langt har det vist seg at det ikkje er så enkelt. Kostnadene med tradisjonell pengeoverføring er knytt til den siste mila («the last mile»). Heller ikkje Bitcoin slepp unna desse kostnadene førebels.
Frå berre å ha vorte sett på som ein valuta og eit betalingssystem, har Bitcoin og blokk-kjeda fått eit stadig større omfang av bruksområde. Det er viktig å minna om at Bitcoin og teknologien den byggjer på, er bevis av eigarskap, enten av virtuelle eller fysiske ting. Valutaen og transaksjonssystemet er ein viktig del av sikkerheiten i systemet, men både bitcoin i seg sjølv og blokk-kjeda som lagringsmedium, kan representera mange ulike ting. Plassen tillet ikkje å gå djupt inn på dei mange potensielle bruksområda, her kan berre peikast på enkelte i tillegg til dei opplagde økonomiske som alt er omtala:
Internett starta som eit desentralisert prosjekt der hovud- poenget var å komma fram til ein robust infrastruktur utan eit sentralisert punkt som lett kunne setjast ut av spel. Løysinga vart ein distribuert arkitektur der alle nodar var like og deltok i rutinga av informasjon frå avsendar til mottakar. Paul Baran, ein av hovudarkitek- tane bak Internett gjennom oppfinninga av pakke-svit- sjing, illustrerte det som vist i figur 6. Merk at Paul Baran skilde mellom desentral og distribuert arkitektur. I dag er det ei samanblanding av desse omgrepa der dei blir brukte om kvarandre.
Over tid, og særleg gjennom framveksten av verds- veven, har utviklinga gått mot stadig meir sentralisering. I dag er det nokre få gigantar, med samleomgrepet GAFA (Google, Amazon, Facebook, Apple), som står for brorparten av trafikken på nettet. Auka bruk av skyløysingar verkar i same retning, og konsoliderer dominansen til dei før nemnde aktørane. For mange personar er Facebook Internett; dei kjenner ikkje noko anna Internett enn det dei ser frå Facebook.
Figur 6 Paul Baran: «On Distributed Communications» (1964).
Så er spørsmålet: Er det så farleg så lenge vi får tenester vi er nøgde med? Ja, det er ei urovekkjande utvikling fordi Internett, og verdsveven, i si opprinnelege form ga oss ein plattform for vilkårslaus innovasjon («permis- sionless innovation»). Tim Berners-Lee trengde ikkje spørja nokon om lov for å laga verdsveven, og Mark Zuckerberg trengde heller ikkje løyve frå nokon for å utvikla Facebook. Dei nær 1000 Bitcoin-klonane, dvs. valutaer som er skapte med små endringar i Bitcoin-koden, har heller ikkje trengt å spørja nokon om lov. Betydninga av den vilkårslause fridommen til innovasjon ser vi kanskje ikkje før vi har mista den.
Det er mykje diskusjon om vidare utvikling av Bitcoin, og ulike syn på kva Bitcoin skal vera og korleis oppnå det. Ein viktig skilnad går mellom dei som vil at Bitcoin skal konkurrera med VISA og liknande betalingssystem og dermed vera i stand til å handtera langt fleire transaksjonar enn systemet klarer i dag. Andre meiner at det er ein feil strategi, og at ein heller bør sjå på Bitcoin som ein plattform, og i framtida kanskje ein informasjonsinfrastruktur det kan byggjast meir spesialiserte løysingar på. Figur 7 viser ein slik modell, der betalingssystem er ein av mange applikasjonar/program.
Figur 7 Bitcoin som plattform.
Bitcoin ber bod om ei ny utvikling der opne system, opne standardar og vilkårslaus innovasjon står i sentrum. Du treng ikkje spørja nokon om å laga system som brukar Bitcoin eller blokk-kjeda som utgangspunkt. Bitcoin er det første opne systemet for innovasjon innan finansielle tenester, og bruksområdet strekkjer seg langt ut over finanssektoren. I den relativt korte tida Bitcoin har eksistert, har vi sett ei enorm utvikling og entreprenørskap med blokk-kjedeteknologien som fundament. Bitcoin er no den viktigaste drivaren for innovasjon innan kryptering, og trass i stadige nekrologar over Bitcoin, er det ei utvikling innan teknologien, og interesse for den, som ein må tilbake til starten av verdsveven for å finna maken til (Dette er eit utsagn frå Bitcoin-ekspert Andreas M. Antonopolous, for- fattaren av boka Mastering Bitcoin – Unlocking Digital Crypto-currencies. (2014)). Bitcoin og blokk-kjedeteknologien kan visa seg å bli redninga for det desentraliserte Internettet.
Får ærespris for utvikling av banebrytende teknologi for å rasjonalisere høsting og ta bedre vare...
Teknologi endrer samfunn, noe som knapt nok er en nyhet. Om vi betrakter alt som er oppfunnet...
En ny teknologisk revolusjon er i sin spede begynnelse. Revolusjonen går under mange navn og det er...
Automatiserte selvkjørende kjøretøy, såkalte autonome, førerløse kjøretøy, eller robotkjøretøy, er...
Norge var tidlig ute som robotnasjon med Trallfa-roboten, som ble lansert i 1966, og som ble...
Det er vel knapt noen som ikke har møtt begrepet «3D-printing» i en eller annen sammenheng i løpet...
Teknologi endrer samfunn, noe som knapt nok er en nyhet. Om vi betrakter alt som er oppfunnet...
Boken Det nye digitale Norge er en artikkelsamling som gir en oversikt over hvordan digitalisering...
Bærekraftig utvikling er en nøkkelutfordring i vår tid. Med et økende globalt fotavtrykk, har vi...
Pengesystemene er kritisk infrastruktur i samfunnet. Hva koster det å drive dem? Og er det...
Det er mange diskusjoner om bruk av digitale teknologier i skolen og ulike perspektiver kommer til...
Dette møtet tar opp Norges ambisjoner om utvinning av havbunnsmineraler og stiller spørsmålet om...
The Academy of Engineering in Poland (AIP) inviterer til webinar om offshore wind.
NTVA, GEAN og GCE Node inviterer til et felles seminar om geotermisk energi med særlig fokus på...
Det er ingen kommentarer her enda.
Du må logge inn for å kommentere.